Storstoga

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Storstoga med Ose Turistheim til venstre.
Storstoga.

Storstoga er ein lafta tømmerbygning frå 1650 på Ose. Bygningen stod på gnr. 15, bnr. 2 i Bygland til 2009. Då blei grunnen der bygget står skild ut med eige bruksnummer (bnr. 129), og heimelen til den nye eigedomen overført til Bygland kommune for 15 000 kroner.

Bygningen er ei gamal tingstove som stod på Heistad. Han er i 2½ etasje, 80 m² og har seks rom og kjøken. Storstoga er no brukt til utstillingar, mellom andre har Annemor Sundbø stilt ut frå strikkesamlinga si her.

Historie

Tre bønder på Ose kjøpte bygningen og flytta den til Ose, der dei tenkte å bruke henne til hotell, fortel Oscar Handeland i kapitlet om Ingebjørg Berge i boka Kristenliv på Agder. Dette skal ha skjedd i 1906. Han skriv vidare:

Men hotellplanane blei det ingenting av, og so tok Ingebjørg fatt og fekk folk med so dei kjøpte stova til bedehus. I 1907 eller 1908 flytte ho inn i andre høgda i storstoga, som dei seier i dalen, og der budde ho til sin døyande dag. I første høgda i den gamle tingstova med det eldgamle kjempe-tømmeret hadde dei møtesalen. Storstoga blei nå midtpunktet for det kristelege arbeidet i denne part av dalen. Og det var Ingebjørg som dreiv verket.
Her fekk ho igang sundagsskule for borna frå heile grenda. Der la ho vel ned sitt meste arbeid.

I boka Norges bebyggelse : Sørlige seksjon Herredsbindet for Aust-Agder Vestre del er S/L Austad ytre kr. kvinneforening oppført som eigar i 1956. Då budde Bjørn Knutson Eldhuset som leietakar i Storstoga. Han var den siste som budde i Storstoga.

Kilder