Sordal

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Noko av Sordal. Bnr. 4 på Søndre Sordal midt i biletet.
Den største av kjempefurene på Sordal. Alderen er reikna til å vere rundt 500 år.
Foto: Geir Daasvatn

Sordal er to gardar (Nordre Sordal og Søndre Sordal) og ei lita grend aust og nord for Otra, lengst nord i Bygland. Sordalsheii (749 moh.) stig bratt opp frå elva. Vegen frå Heistad går gjennom Sordal og vidare nordover til Birkeland og Straume i Hylestad.

Historie

Sordal har flest gravhaugar av alle gardane i Bygland. Gravhaugane på Nordre Sordal er vidgjetne. Her er det eit heilt felt på bnr. 1 med i alt 24 haugar. Gravhaugane er frå før-kristen tid, altså jernalderen (ca år 0-ca år 1000 e.Kr.). Eingong i denne perioden må Sordal ha blitt bygd, mest truleg før år 650.[1]

Drapet på Sordal i 1798

Søndag 4. februar 1798 drap Sigurd Eivindson Sordal Rannei Olavsdotter Hegland. 6. november 1798 blei han avretta av skarprettaren Nils Froholt på Sordal. Det var den siste avrettinga som skjedde i Setesdal. Soga om Sigurd Eivindson er framleis godt kjent mellom folk. «(M)en mykje av det som blir fortalt om han, har kome til sidan, og har gjeve Sigurd ein slags heltestatus», skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt.[2] Fleire kjende slåttar har opphavet sitt i denne dramatiske hendinga, med namnet Sordølen.[3] [4]

Sjå også

Litteratur

Referansar

  1. Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind II, utgjeve av Bygland kommune, 2003, side 19
  2. Bygland gard og ætt, bind II, side 39
  3. Bygland gard og ætt, bind II, side 41
  4. Vidar Lande, Soga om Sordølen

Kart

Laster kart...