Soger og segner, viser og vers. Folkeminne frå Agder

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Bokomslaget.

Soger og segner, viser og vers. Folkeminne frå Agder er ei redigert samling av folkeminne og tradisjonsstoff frå Aust-Agder, etter eit manuskript frå 1922 av Jon Løyland. Stoffet er lagt til rette for utgjeving av Leonhard Jansen (red.). Boka er utgjeve av Agder Historielag, 2008. 190 sider.

I tillegg til folkeminne og tradisjonsstoff inneheld boka ein kort biografi om Jon Løyland, skrive av Leonhard Jansen. Bakerst i boka er det ein bolk med utvalde bilete frå den rike biletsamlinga Løyland etterlet seg, og som no er på Setesdalsmuseet.

Kjelder

  • Beint Foss og Leonhard Jansen, Soger og segner, viser og vers. Folkeminne frå Agder, side 9-10