Snippen
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn
Snippen er eit lite område på nedsida av den gamle setesdalsvegen, om lag 150 meter nord for brua på Riksveg 9 over Skåmåne, på Skomedal i Bygland. Her var det tidlegare to små husmannsplassar, Snippen nordre og Snippen søndre. Det rydda området likna på ein snipp (ein trekant).
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, utgjeve av Bygland kommune, 2009, side 633