Slinkombas

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Platecoveret til Slinkombas

Slinkombas er eit musikkalbum med Kirsten Bråten Berg, Hallvard T. Bjørgum, Gunnar Stubseid og Tellef Kvifte. Albumet kom ut i 1979 og kom igjen ut på ein dobbel-CD i 2008. Då var det lagt til ein ny plate og bas igjen. Slinkombas er spelt inn i stova hjå Hallvard T. Bjørgum i februar 1979. Teknikar var Paul Børresen. Plata vart miksa i Talent Studio, Oslo. Teknikar der var Jan Erik Kongshaug. Foto var ved Petter Winsnes. Linosnitt var ved Olav Bjørgum, utteikning ved Bjørn Smørholm og plata var produsert av Hallvard Kvåle. I 1979 kom ho ut på Heilo Musikkproduksjon. I 2008 var det Grappa Musikkforlag som stod for utgjevinga.

Sporliste

  1. Gamle Gunleik 3:03
  2. Huldreslått 3:14
  3. Tre nystev frå Setesdal 1 1:36
  4. Klunkaren 3:00
  5. Bånsull frå Åmli 1:18
  6. Nils og Jens og Gjeldaug 3:30
  7. Dei tvo systane 2:35
  8. Jenta i saueflokken 2:58
  9. Brureslag frå Setesdal 2:38
  10. Pysi sat i åra 0:22
  11. Slinkombas (dans frå Sirdal) 2:38
  12. Gamlestev av Gunnar Rysstad 1:21
  13. Iddan Hermund 4:02
  14. Fanitullen (gangar) 3:00
  15. Skuldalsbrura 2:21
  16. Tre nystev 1:33
  17. Tre nystev 1:22
  18. Linborgjen 1:12
  19. Våjevisa 2:36
  20. Hildalen/ Knut J. Heddis minne 4:01

Eksterne lenker