Skrapeslått
Hopp til navigering
Hopp til søk
Skrapeslått er eit dikt av Ingvald Langemyr. Det stod i Setesdølen nr. 49, 2006 side 3.
Dei slo skrapeslått
i min ungdom.
Gjekk på skogen
med ljå
og gnog av litt gras
mellom tuvene.
Det kunne bli
ei bør eller så
å bære heim.
Kyrne lika dette
høyet så godt
at dei åt det
framfor noko anna.
I dag er det få som veit
kva skrapeslått er,
den har gjenge ut på dato.
Kyrne fær ikkje smake
denne godbiten,
den blei borte
i moderne tid.