Sigbjørg Næss

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigbjørg NæssSymbol unrelated.svg
Født: 20. desember 1979 (44 år)

Sigbjørg Idsøe Næss (fødd 20. desember 1979 i Stavanger) er lærar på Valle skule. Ho kom til Valle i 1994 for å gå på musikklinja på Valle vidaregåande skule. Sidan tok ho førskulelærarutdanning i Kristiansand. Deretter tok ho pedagogikk, norsk og matematikk (PAPS) og norsk 2 med kulturforståing. Ho var lærar i Bykle frå 2002 til 2004, og kom deretter til Valle som vikar. I 2007 fekk ho fast stilling i Valle. Frå 2005 til 2008 var ho meklar i konfliktrådet for Agder.

I 2007 vart ho vald til varaordførar i kommunen. Ho bur i Åkre, ho er gift med Tor Viki, dei har to barn. Frå 2011 var ho styreleiar i Valle IL, men frå 2015 overtok Anne Liv Lidtveit dette vervet.

Kjelde

Opplyst i samtale 13. oktober 2011