Setesdal Hotel

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Hotellet ligg idyllisk til ved breidda av Byglandsfjorden.
Setesdal Hotel 4. juni 2022.
Foto: Geir Daasvatn

Setesdal Hotel ligg på Nesmoen i Bygland, mellom Byglandsfjorden og Riksveg 9, eit par kilometer nord for Bygland sentrum. Bygningane vart sette opp i 1981, og arkitekturen er godt tilpassa lokal byggeskikk. I fleire periodar har komplekset vore utleigd og brukt som asylmottak. Eigarar til 2009 var Ragnhild Engesland og Knut William Bygland. Då blei hotellet selt til Knut Olav Dalen frå Froland. Knut William Bygland skulle framleis stå for kafèdrifta. I 2018 hadde Knut William igjen overtatt eigarskapen, og eigde 100 prosent av aksjane i Setesdal Hotel AS. I 2018 skulle Ann Catrin Johansson leige og drive hotellet. I 2022 er alle aksjane i Setesdal Hotel AS overtatt av Jan Petter Veraas. Veraas tok over som drivar av hotellet frå årsskiftet 2021/2022.

Taka til hotellet er torvdekte, og svalgangar knytter romma saman. Komplekset har 22 dobbeltrom og 15 familierom med til saman 90 sengeplassar. Fleire av romma har høve til matlaging. Kaféen har sitjeplassar til 150, og selskaps- og møterom for 10–120 gjester. Like ved hotellet ligg ei badestrand på det kommunale friområdet Gullsand.

Kjelder

Kart

Laster kart...