Salve Austenå

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Salve Austenå
Spelemannen - og slåttemusikken i Åmli bokomslag.jpg
Født: 12. august 1927
Død: 19. november 2019 (92 år)

Salve Austenå (fødd 12. august 1927[1], død 19. november 2019[2]) var ein spelemann frå plassen BrekkoneAustenå i Tovdal i Åmli.

Salve hadde eit stort slåttereportoar. Han meinte sjølv at han spelte slåttane slik han hadde lært, og han kunne namnet på dei han hadde musikken etter. I spelet hans fann ein dermed røtene til tradisjonsmusikk i Åmli.[3]

Foreldra til Salve var Olav Austenå (f. 1891, d. 1969) og Ragnhild Austenå (f. Heggtveit 1898, d. 1953).

Minneord om Salve Austenå

Publisert i Setesdølen 4. desember 2019

Det var med stor sorg vi nyleg mottok bodskapen om at Salve Austenå var gått bort, 92 år gamal. Bygdefolk og tilreisande fylte Åmli kyrkje for å ta eit siste farvel med tradisjonsberaren, spelemannen og venen Salve. Foreldre og elvar i folkemusikk som han har hatt opp igjennom åra, ville for siste gong vise si takksemd for arbeidet Salve har lagt ned for å ta vare på ein viktig del av kulturarven vår. Tidlegare elevar; Johanne Flottorp, Guro Kvifte Nesheim og Gunnhilde Ramse spela i gravferda.

Salve var frå Tovdal. Han voks opp i ein heim som var prega av slåttemusikk og tradisjonsformidling frå tovdalsområdet. Far hans, Olav Austenå, hadde eit stort slåtterepertoar, men han kunne også lage feler. Han såg at guten Salve hadde musikk i seg, og han følgde opp sonen med å lage fele til han då han var 7 år gamal. Det blei starten på gode læreår der faren viste seg å vere ein dyktig pedagog – og det utvikla også eit viktig band mellom far og son.

Mellomkrigsår og krig

Oppveksten var prega av harde mellomkrigsår – og krigsår - då det var vanskeleg å klare seg. Men - Denne draumen, draumen om det fine spelet - og oppfølging av foreldra sat tungt og kjensleladd i Salve. Han fekk seg utdanning som snikkar - og han gifta seg med si Margit. Men musikken la han aldri på hylla. Den følgde han til Arendal og Kristiansand, tovdalsslåttane var røysta heimanfrå.

Tok imot ungdom

Tilbake i Åmli busette han seg på Engenes. Salve gjekk sin eigen veg som spelemann. Han skydde litt unna dei store kappleikane, men heldt tradisjonsmusikken frå Tov-dal ved like. Det var eit særeige driv i spelet hans, og han var ein uvanleg god dansespelemann. Han gjorde også noko meir. Han tok imot barn og ungdom som ville lære. Dei var mange – lokal ungdom - og seinare andre som ville både lære og forske på musikken til Salve. Det blei fleire forskingsoppdrag; både magistergrad, nrk-opptak, årsoppgåve på Rauland og ein doktorgrad på tovdalsspelet. Salve fekk statens kunstnarløn, og han fekk Åmli kommune sin kulturpris. Boka «Spelemannen - og slåttemusikken i Åmli», utgjeven av Åmli Boknemnd i 2018, blei tileigna Salve.

Korleis dei skulle halde bogen

Åmli har grunn til å vere stolt av Salve og alt arbeidet han har lagt ned for bygdas tradisjonsmusikk. Mest av alt – han har fått det til å gro etter seg. Musikkskuletida i Åmli var viktig. Det var her pedagogen Salve for alvor viste seg frå sin rause og trygge måte å vere på. I boka om «Spelemannen» får vi vite korleis faren Olav lærde Salve å spele. Det er rørande å sjå at Salve følgde læremåten til far sin. Enkle pedagogiske knep. Dei fleste elevane hans vil nok smile attkjennande til ordet kattelabb. For det var slik han lærde at dei skulle halde bogen. Kattelabb – kattelabb kunne han rope når han sto på avstand og lytta.

Trufaste Margit

Det er to nøkkelord som heng saman når det gjeld Salve: respekt for tradisjon – og glede over å kunne føre tradisjonen vidare. Og når vi legg til: ein kjærleg formidlingsmåte – har vi bildet av læremeisteren og spelemannen Salve.

Tankane våre går i desse dagar til kona - trufaste og gode Margit – som også var ein viktig del av læringsmiljøet i heimen deira. Alle elevane kjende seg verdsette her. Salve spela heilt til det siste. Fela hans var til justering hos Salve Håkedal på Birkeland nå i november – han måtte ha alt klart dersom ein av elevane kom innom.

For Åmli Boknemnd, Anne Tone Aanby

Litteratur

Referansar