Regionrådet og næringsutvikling

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Regionrådet og næringsutvikling var tittelen på eit lesarinnlegg dagleg leiar i Setesdal Regionråd, Signe Sollien Haugå hadde i Setesdølen nr. 88, 2013.

Setesdal regionråd og næringsutvikling

Regionrådet - regionutvikling - samfunnsoppdraget

Samfunnsoppdraget – og visjonen om du vil - er å gjere alt vi kan for at det skal vere godt å bu, gjeste og drive næringsverksemd i Setesdal. Føremålet vårt er å stimulere til utvikling og vekst i Setesdal og å fremme regionen sine interesser. Vi skal m.a. arbeide med regionale samfunnsutfordringar i lag med fylkeskommunen og kommunane i Setesdal. Regionrådet kan og tilleggjast operativt ansvar, jf pkt 2 i vedtektene.

Regionrådet er tufta på idear og tru på at regional samhandling og utvikling er viktig i tillegg til og utover det kommunale arbeidet - der ein har lokalt fokus. I regionalt utviklingssamarbeid ventar ein at partane ikkje først og fremst set eigen kommune fremst i eitt og alt men at ein tenkjer kva som regionen samla og innbyggjarane i heile Setesdal vil vere tente med over tid.

Det ligg og ein grunntanke om at det over tid skal lønne seg å vere i eit samarbeid og at ein tidvis kanskje ikkje finn det optimale for alle partane i ei kvar sak – men at ein gjennom fordeling av satsingar over tid samla vil stå sterkare og vere meir robuste i høve framtida. Meiningsbryting er sunt – kontinuerleg uro i høve fatta vedtak er utfordrande både for styringsfart og fokus på nyttig arbeid.

Næringsutvikling – eit av kjerneområda i verksemda:

Regionrådet er eit interkommunalt samarbeid med tre hovudarbeidsområde – som er nedfelt samarbeidsavtalen mellom kommunane, i vedtekter og alle førande styringsdokument for verksemda. Desse er:

  • Infrastruktur
  • Næringsutvikling
  • Interkommunalt samarbeid

Samarbeidet er tufta på revisjon av avtale, vedtekter mv. frå 2007. Ein omfattande prosess med utdjuping i Utviklingsplan Setesdal 2020 med tilhøyrande handlingsprogram (4 år) er partnarskapsdokument forankra med tilslutnad frå kommunestyrene og fylkeskommunen.

Kvifor sette trykk på ei næringssatsing?

I erkjenninga av at ein såg eit u-utløyst potensial i høve næringsutvikling i regionen – og at ein vart samde om at koordinert og profesjonelt næringsapparat var ein strategi i høve dette, vart det og gitt i oppdrag å ha ein gjennomgang av næringsarbeidetarbeidet (1.lina, SR, og andre regionale aktørar i virkemiddelapparatet). Ein la som premiss at kvar kommune skulle ha eigen 1.line – og at det skulle vere rom for differensiert næringspolitikk mellom kommunane. Dvs at kommunar kunne ha lokale næringsfond og ordningar og prioritere lokal næringsutvikling som ein sjølv ønskja og evna. Arbeidsgruppa tilrådde forsterking og sterkare koordinering for å kunne sette fokus på felles bransjesatsingar, for å arbeide med strategisk viktige næringsområde meir koordinert og for å kunne ta del i nasjonale ordningar og satsingar innafor regionen med overlappande bu- og arbeidsmarknad.

Basert mellom anna på suksesshistoria med ei 3-årig helsesatsing med eigen helsekoordinator føreslo dagleg leiar at ein forsterka næringsarbeidet – med både auka kapasitet og kompetanse for å ta det samla næringsrabeidet eit steg vidare – og sjå om ein kunne supplere og dra nokre satsingar i lag med bransjar og regionalt viktige næringssaker. Noko som vart fremma som sak til styret i Regionrådet i 2012-2013. Styret la så fram budsjett for 2013 med øyremerka post til næringskoordinator. Budsjettet vart vedteke av representantskapet. Utlysinga er å levere i høve tinginga. – At nokre er usamde og nyttar andre kanalar for opinionsdanning ved sida treng difor etter kvart tilsvar til ålmenta medbak grunnsinformasjon.

Næringskoordinatoren sitt arbeid framover;

Styret har slutta seg til at ein skal utarbeide ein strategisk næringsplan for Setesdal parallelt med at fylkeskommunane utarbeider ein felles regional plan for innovasjon og berekraft for dei to Agderfylka. Kommunane blir inviterte til å delta – og gjerne parallelt utarbeide lokale næringsplaner for å definere kva ein lokalt vil arbeide med – og kva ein ev ønskjer å arbeide i fellesskap om – eller ser trong for forsterking og drahjelp til gjennom samarbeid. Vår plan skal vere kortfatta og dynamisk – og handlingorientert.

Styret har og peika på reiseliv og berekraft som viktig satsing framover og for budsjettet i 2014.

Tilsvarande vil det no bli invitert til kartlegging og deltaking frå kommunar og næringsliv/ verksemder som ventar at ei slik satsing kan gi både betre økonomisk berekraft og andre positive effektar for utviklinga deira.

I tråd med vedtaka skal vi og opprette eit næringsforum med næringsapparat 1. og 2. line og landbruk, samt å invitere næringslivet til å peike ut nokre representantar til å vere med å definere kva som er viktig å få hjelp og satse på framover for å fremje gründerskap, vekstkraft og lønsemd i ulike bransjar i Setesdal.

Ingenting er hogge i stein – men dersom det er viktig å satse på næring – er det viktig at Regionrådet som har regional legitimitet og integritet tek rolla som regional utviklingsaktør. Gitt at Evje og Hornnes ønskjer å delta er i det regionale samarbeidet er døra open til å vere med å forme morgondagens strategiar – i form av næringsplan og tilhøyrande føringar for disponering av regionalt næringsfond som skal understøtte denne. Konkretiser og gjerne kva de måtte ha å bringe inn av gode idear som kan utløyse meir verdiskaping!

Framleis i undring - men med stor tru på Setesdal.