Rafosshei

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Rafosshei er eit fjell (574 moh.) nord for Tveit i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Det går skogsbilveg nordover mot toppen frå Tveit. Frå enden av vegen er det omlag ein kilometer til toppen.

Rafosshei var eit populært mål for skigåarar i Hornnes i tidlegare tider. Heia er ganske høg og bratt, men slett og fin å renne nedover igjen. Frå toppen av heia er det god utsikt. Ein kan sjå Svaba i Dåsvannsdalen i nord-aust, Årdalsknapen i aust, Abusdalsknuten i sør og Snøfjellet i Åseral i vest.

Kjelder