Pioneren Jakob Jerstad frå Austerdalen - og etterkomarane hans på Madagaskar
Pioneren Jakob Jerstad frå Austerdalen - og etterkomarane hans på Madagaskar er ein artikkel Sigmund Edland skreiv i Treklang - Menighetsblad for Feda, Kvinesdal og Fjotland nr. 2, juni 2018.
Jakob Jerstad var ein av 20 ungdomar frå Jerstad som reiste i samla flokk til Amerika i 1890. Han var den femte av dei 12 barna til Bernt Elias Berntsen og Ingeborg Svendsdatter Jerstad.
Jakob hadde eit tydeleg mål med Amerika-reisa, og begynte straks på presteutdanning ved Augsburg Seminary. Denne presteskulen hadde sendt ut dei to første norskamerikanske misjonærane i 1888 og 1890. Då studietida var ferdig i 1898, blei Jakob ordinert og sendt til arbeidsfeltet på Sørvest-Madagaskar. Før han reiste, gifta han seg med Hannah A. Loney.
Til Madagaskar
Misjonsstasjon Manasoa på sørvestkysten blei grunnlagt av Erik Hansen Tou og kona Elisabeth Tou i 1890. Den låg langt oppe i elvedalen ved storelva Onilahy, som renn ut sør for byen Tulear. Pionerane måtte arbeida åleine der i 7 år før dei fekk ferie i 1897, då nye misjonærar begynte å koma ut. Fleire prestar, diakonisser og ein dokter kom dit dei neste åra. Jacob og Hannah Jerstad kom fram i 1898.
Dessverre begynte sjukdom å kreva liv i misjonærflokken. Dei neste 15 åra døde meir enn ti vaksne og barn av malaria og andre tropesjukdommar, så stasjonen i Manasoa blei den dødelegaste arbeidsplassen på det sørlige Madagaskar. Ein visste ikkje då, at det var myggen som overførte malariafeberen, og at ein måtte beskytta seg mot den.
Stasjonen låg tett ved landsbyen og var omgitt av rismarker. Desse var klekkeplass for svermer av mygg. Derimot var ein klar over at dårlege hus kunne vera grunn til sjukdom og død. Både kyrkjer, skular og misjonærhus blei bygd av lokale materialer. Over eit enkelt reisverk var det tak og vegger av siv eller strå. Desse husa var både usunne og svært brannfarlege.
Etter språkstudie i Manasoa flytta Jakob og Hannah Jerstad til byen Vohimary i mai 1899, for å byggja misjonærhus der. Det hadde vore kyrkje der i fleire år. Dei heldt innviingsfest for huset sitt etter gudstenesta den 3. desember 1899.
Men det var nokon i byen som ikkje lika å få misjonærar dit. Midt under middagen slo plutseleg flammer inn gjennom grasveggene. Alle kom seg ut, men familien mista alt dei åtte. Ein nykomen misjonær, blei sett til å byggja opp stasjonen igjen.
Nye utfordringar
Familien Jerstad hadde fått nye utfordringar, for folk frå Mahafalystammen, sør for den store elva, hadde snudd radikalt om, og bedt om å få misjonærar til sitt land. Mahafaliane hadde vore rasande motstandarar mot at misjonærar skulle få slå seg ned på nordsida av elva. Dei hadde trua med å drepa kvar einaste utlending som viste seg i området. Då Frankrike okkuperte Madagaskar i 1894, endra ting seg. Mahafaliane såg at folket nord for elva hadde hatt fordelar av å ha utlendingane buande hos seg, gjennom skulegang og andre ting. Derfor kom det ein delegasjon for å be om hjelp.
Sjølv om mykje var forandra frå dei tidlegare lovlause tilstandane sør for elva, var forholda ennå primitive. Dei bestemte seg for å byggja ein misjonsstasjon i ein landsby som låg høgt på ein knaus. Den 7. mai 1901 flytta familien ned til den nye stasjonen.
Jakob meinte seinare at det hadde vore sunnare for dei å bu i Mahafali-landet enn nord for elva. At dei fekk barna Elenora, Alf, Hannah og Constance og ikkje hadde noko dødsfall i familien i denne perioden, tyder på at han hadde rett. Uheldigvis brant huset deira ned på nytt 18. oktober 1903. Men Kvindølen var seig. Alt i februar 1904 hadde han fått ferdig eit midlertidig hus.
Siste etappe
I 1907 reiste Jakob og Hannah Jerstad heim til Amerika på ferie. Dei reiste ut igjen i 1909. Sjukdom og dødsfall hadde då tynna kraftig ut i misjonærflokken på feltet. Først styrde Jakob stasjonen i St. Augustin ved kysten eit år. Så flytta han til Manasoa og skulle styra resten av feltet mens tillitsmannen dr. Dyrnes og kona skulle til Amerika på ferie. Han fekk dessverre ikkje styra så lenge, for etter bare eitt år blei han alvorleg sjuk. Det var ikkje malaria han leid av denne gongen, men dysenteri. Etter nokre få dagar døde han, 29. eller 30. mai 1911. Han fekk si grav på den vesle kyrkjegarden i Manasoa, ved sida av så mange kollegar og misjonærbarn.
Hannah Jerstad sa opp stillinga som misjonær, og tok barna med seg heim til Amerika. Ho døde der i 1943.
Ein ny start ved dottera
Så var det vel slutt på Madagaskarengasjementet for kvindølen Jakob Jerstad og hans etterkomarar?
Nei, ikkje heilt. Dei tre eldste barna fekk seg vanlege yrke i USA. Alf Jerstad fekk forresten ein son som blei berømt som fjellklatrar der borte. Han heitte Luther Jerstad, og var ein av fire klatrarar som i 1962 vart dei første amerikanarane som nådde toppen av Mont Everest. Luther Jerstad omkom seinare i Himalaya på ein ny ekspedisjon, saman med eit barnebarn. Ein skule i Amerika skal vera oppkalla etter han.
Det vart den yngste jenta, Constance eller Connie Quanbeck som ho oftast blei kalla, som kom til å fornya familiekontakten med Madagaskar. I 1926 reiste ho til Frankrike på språkstudie saman med mannen, Caleb Quanbeck. Han var også førstegenerasjons norskamerikaner, for far hans var komen til USA frå husmannsplassen Kvannbekk i Telemark. Connie og Caleb kom i 1928 til Madagaskar, der dei skulle arbeida saman i 50 år – til 1978. Dei fekk mange og lange arbeidsperioder på Madagaskar.
Connie og Caleb fekk to barn. Den eldste var ei jente, den andre ein gut som dei kalla Stanley (eller Stan). Han blei født ca 1936. Då tida for skulegang kom, blei storesøster sendt til Fort Dauphin på andre sida av øya. Der hadde det andre amerikanske misjonsselskapet ein amerikansk barneskule med internat.
Stanley blei sendt saman med storesøstera då han var gamal nok. Men då dei hadde vore der nokre få månader, blei søstera alvorleg sjuk og døde. Dette var i dei kaotiske første krigsåra. Kva som var årsaka, veit eg ikkje, men det blir fortalt at det gjekk mest tre månader før foreldra kom seg av stad til Fort Dauphin og fekk gje trøst og hjelp til smågutten. Stan Quanbeck fullførte skuletilbudet i Fort Dauphin, og fortsette med ei legeutdanninga i USA.
Familien Quanbeck
Vi møtte familien Quanbeck då vi kom på ferie til Fort Dauphin i 1979. Caleb Quanbeck var ein staseleg gamal mann på bortimot 80 år. Gassarane kalla han Bestefar Quanbeck. Han snakka godt, litt gamaldags norsk, sjølv om han var født i USA og hadde levt mesteparten av livet på Madagaskar. Det siste året hadde han vore enkemann, for Connie Quanbeck døde i 1978. Men Caleb Quanbeck sto på post 2-3 år til, og reiste først heim då han var over 80 år. Han hadde barnebarn rundt seg i Fort Dauphin, sidan dei fire barna til dr. Stanley og Kathie Quanbeck gjekk på misjonen sin skule der.
På slutten av 1960-talet bygde amerikansk misjon eit stort hospital for Sørvestsynoden. Sjukehuset blei bygt i Edjeda og Stanley Quanbeck var ein av legane som blei rekruttert til arbeidet der. Snart hadde han avansert til direktør for hospitalet. I 1979 hadde helsearbeidet i den lutherske kyrkja vakse kraftig, og ein valde å laga eit eige helsedepartement i kyrkja. Organisasjonen fekk navnet (forkorta til) SALFA.
Til direktør for SALFA var dr. Quanbeck eit sjølvsagt valg. Under hans ledelse opplevde helsearbeidet i kyrkja ein stor ekspansjon det neste tiåret. SALFA-organisasjonen kom til å omfatta mykje pengar, og til slutt flytta heile hovedkontoret til kyrkja inn i kontorbygget til SALFA i Antananarivo.
Dr Quanbeck hadde mange gode kontakter i inn- og utland. Ein viktig kontakt var med ein organisasjon i Nederland, som sende medisiner til misjonssjukehus over heile verda. Då Madagaskar sa opp valuta-avtalen med Frankrike i 1972, sleit landet med alt ein trong importera. Ein mangla det meste, og medisiner var ikkje noko unntak. Den vesle sjukestova på presteskulen var tidvis betre utstyrt med medisiner enn det store sjukehuset i byen, takka vere SALFA og dr. Quanbeck.
Men han ville ikkje sitja på hovedkontoret i Antananarivo heile tida. I staden reiste han og kona Kathie mykje rundt og besøkte dei forskjellige helseinstitusjonane i distrikta. Mange vegar er vanskelege jordvegar, men dokteren kom fram til dei fleste sjukestovene for å gi råd og hjelp til arbeidet.
Lang tenestetid
Stanley og Kathie sto i tenesta like til 2003, før dei reiste heim for godt. Då hadde Jakob Jerstad og hans barn og barnebarn vore i teneste på Madagaskar i 105 år (1898-2003) bortsett frå åra 1911 til 1928. Tre generasjonar – og vel hundre år – det er ein utruleg innsats, som du skal leita lenge for å finna maken til.
Vi utfordra Stan Quanbeck til å besøka Kvinesdal for å sjå kor bestefaren kom frå, og treffa slektningar her. Han svara at det hadde han lyst til. Men først måtte han gjera ferdig jobben, skreiv han. Han jobba full tid på eit Veteransjukehus i Minnesota. Men 31. desember 2017 skulle han pensjonera seg. Då var han 81 år, så kanskje ein tur til Norge kunne bli aktuelt?