Otto Høvik

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Otto Høvik
Født: 16. juli 1935
Død: 26. desember 2025 (90 år)

Otto Høvik (fødd 16. juli 1935 i Ulsteinvik, død 26. desember 2025 på Ågotnes) var prest i Haifa for Den Norske Israelsmisjon frå 1970. Før han kom dit, hadde han teke handelsgym i 1955, vore assistent i Sjømannsmisjonen både i Gøteborg og New York, studert teologi på Menighetsfakultetet, der han tok eksamen i 1963, praktikum året etter og vart ordinert til teneste som sokneprest i Måsøy. Der var han til han reiste til Israel. I 1981 vart han generalsekretær i Israelsmisjonen, frå 1987 var han landssekretær og frå 1992 til han pensjonerte seg var han sokneprest i Borgund.

Otto Høvik var medredaktør av Misjonsblad for Israel som generalsekretær. Saman med Ole Kristian Kvarme og R. Dobbert gav han ut boka Fra Sinai til Golgata i 1978.

Familie

Otto Høvik var son til hotelleigar Oscar Høivik (1905-) og kona Bergit Torvanger (1909-). Han gifta seg i 1962 med Annlaug Holmås, fødd 16. februar 1937. Dei fekk barna Trond, Birgit, Randi, Ingrid og Sigrun.

Kjelder