Or Setesdal

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Omslaget.

Or Setesdal er ei kombinert bok- og CD-utgjeving med 12 songar frå Setesdalstradisjonen av Kim Rysstad. Medverkande er også Eldbjørg Trydal Rysstad, Kirsten Bråten Berg, Trym Bjønnes og Daniel Sandén-Warg.

Boka inneheld ei kort innleiing skrive av Kim Rysstad sjølv, songtekstane med ei kort innleiande forklaring, presentasjon av dei medverkande songarane og musikarane og til slutt ein kort presentasjon av nokre av dei viktigaste personane eller «kjeldene» Kim meiner han har fått lære av. Tekstane er på både norsk og engelsk. Boka er illustrert med bilete av Geir Daasvatn, Jonas Johansson, Niklas Berglund, Vest-Telemark Museum, Eva Karlsson, Marit Simonstad og Leiv Solberg. Oversetting til engelsk: Sara-Jane Summers. Språkvask: Rebecca Egeland og Monica Stolt Pedersen. Grafisk formgjeving: Eva Karlsson. Trykk: Baltikum (2021).

CD-en er innspelt «live» i Gardane grendehus. Teknikar: Fritjof Lindeman. Pålegg innspelt i KC Lydstudio i Valle. Teknikar: Kjetil C. Jore. Mix og mastering: Fritjof Lindeman. Produsent: Kim Rysstad.

Songane

  • Grevevisa
  • Hjartesut
  • Bånsullar
  • Årdalsvisa
  • Stevleik
  • Herr Lommann
  • Piger og flasker
  • Frykt, mitt barn
  • Håvar Heddi
  • Rideboll og Gullborg
  • Stevrekkje
  • Heimlaus

Kjelder

Eksterne lenker