Olav O. Rygnestad (1866)
Hopp til navigering
Hopp til søk
| Olav O. Rygnestad (1866) | ||
|---|---|---|
| Født: | 1866 | |
| Død: | 1939 (alder 72–73) | |
Olav Olavsson Rygnestad (født 1866, død 1939) var bonde på Systog Rygnestad og lokalpolitikar i Valle. Han var son til Olav Olavsson Rygnestad (Gråmannsonen) og Ingebjørn Kjetilsdotter Lien, og gift med Gyro Hallvardsdotter Rygnestad frå nabogarden Oppistog Rygnestad. Gyro var odelsjente. Dei hadde såleis to gardar å styre med. Olav vart kalla Olav Oppistog, sidan dei budde på den garden.
Olav kom med i kommunestyret då han var 33 år. Han sat der i over 30 år. Særleg skal han ha arbeidd for å gjere skulen i bygda så god som råd. Han var elles mykje interessert i ættesoge, bygdesoge og folkeminne.
Kjelder
- Olav M. Holen, Gråmannen og gråmenn, Bykle, 2016, side 44-48