Oddefossen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Oddefossen ved flaum i Oddeåna 24. oktober 2013. Foto: Geir Daasvatn

Oddefossen er eit om lag 10-12 meter høgt fossefall i Oddeåna i Evje, rett etter Oddestemmen og rett sør for brua over Oddeåna på Fylkesveg 306 oppover mot Flatebygd. Ved normal vasstand gjer ikkje fossen så mykje av seg. Men når det har vore mykje nedbør, og vassføringa i elva er stor, kan han vere eit mektig syn.

Nokre år hadde Flåt nikkelgruve eit vasshjul i Oddefossen. Vasshjulet dreiv gruveheisen i skråsjakta i Gamlegruva. Frå det store vasshjulet gjekk det ei 1666 meter lang ståltrådline opp til gruva.

Kjelder