Odde
Hopp til navigering
Hopp til søk
Odde er ein gard (gnr. 55) i Evje i Evje og Hornnes kommune, om lag 3 km nord for Evje sentrum på austsida av Otra.
Garden ligg på ein odde mellom Oddeåna og Oddebekken, og det skal forklare namnet. Gardar med slike naturgjevne namn er truleg mellom dei aller eldste i bygda. Ved Oddeåna rett imot Kyrkjeåsen skal det vere to gravhaugar. Mykje taler difor for at Odde er ein av dei eldste gardane i Evje, kanskje frå siste halvdelen av romersk jernalder (år 200 - år 400 e. Kr.).
Kjelder
- Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Evje, artikkel i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2008, side 33-38
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeven av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, s. 62-63