Norheim kafe

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Det brune området syner kvar Norheim kafe stod, sett frå sør.
Siri Johannessen (5. januar 2021)

Norheim kafe var ein kafe på Helle. Torgeir N. Brokke og kona Gro Hedde Brokke opna kafeen i stova si i 1964. I 1967 bygde dei på huset med eige rom for kafeen, tre år seinare kom eit påbygg for toalett på baksida av huset. Maten var heimelaga og porsjonane store. Karbonadesmørbrødet Patent hadde brød oppå karbonada og på toppen kom eit speilegg. Men dei hadde ikkje skjenkerett.

Både Gro og Tarjei var glade i folkemusikk og kvó gjerne sjølv og gjerne til kvarandre.

Kafeen var i drift til 1997.

Kilde