Nomeland kyrkje

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Nomeland kyrkje, truleg ei stavkyrkje, stod på Nomeland i Valle. I katolsk tid var områda på vestsida av Otra eige kyrkjesokn. Nord for sjølve garden ligg ein gamal kyrkjegard. Her må kyrkja ha stått. Ho kan ha vore i bruk frå slutten av 1000-talet og fram til rundt reformasjonen (1536).

Truleg blei kyrkja rive ned og materialar og inventar selde til bygdefolk. Noko skal vere brukt av Åsmund Rygnestad då han sette opp «trihågloptet» på Rygnestad i andre halvdelen av 1500-talet.

Kjelder

Kart