Nivea


Nivea er eit dikt av Knut Olav Daasvatn. Diktet er om mor hans, Gerd Herborg Mæsel Daasvatn, som omkom i ei trafikkulukke 21. oktober 1998. Diktet er uprenta.
Nivea
Og livet bretta deg, mor
av hud og lengt
Rynkene var noteliner
i andletet ditt
og vinden lo ein vals
gret ei vise
Og livet bretta deg, mor
Du var eit herbarium
med røsslyng mellom arka
Hundre angar
alle av sommar, stod ut frå
sidene når du
opna andletet i eit smil
Og livet bretta deg, mor
Du bar livet
i koter over kinn og panne
Sorga raust teikna
i same mjuke boge som gleda
Aldri visste eg kor ei byrja
og hi stogga
Og livet bretta deg, mor
til eit papirfly
som flaug over avgrunnar
Mjukt landa du på hi sida
av kløfta, aldri
såg du deg attende
Slik lærte du meg om kjærleiken
i ein stiv nakke
Og livet bretta deg, mor
til former du ikkje kjende
Gav deg skuggar
du ikkje ville vere ved
Korleis var det
å bere mørker løynd
i huda?
Og livet bretta deg, mor
Du var ein sjø
med andletets bølgjer
løfta mot sol
Gleda var din båt
Nivea var ditt namn
Kjelder
- Forfattaren