Nipelivarden
Hopp til navigering
Hopp til søk
Nipelivarden er eit fjell (650 moh.) aust for Gautestad og Høvringsvatnet, heilt nord-aust i Evje og Hornnes kommune ved grensa mot Froland.
Turløype
Nipelivarden er med i Otra IL ski sitt turprogram Ti toppers i 2016. Turen kan starte frå Gautestad kurs- og misjonssenter. Ein følger Nipelivegen ein kilometer, Tonestjønnvegen 100 meter og Fjellenden 300 meter. Derfrå følger ein skiløypa 100 meter mot nord-aust og sti til toppen. Løypa er ca 1,7 kilometer frå Misjonssenteret og ca 0,7 kilometer frå starten av Tonetjønnvegen. Frå Evje kyrkje til Gautestad er det ein køyretur på ca 14,5 kilometer.
Kjelder
- Kart, GISLINE Webinnsyn Setesdal
- Ti toppers 2016, brosjyre utgjeve av Otra IL ski, 2016