Myrekvæven
Hopp til navigering
Hopp til søk
Myrekvæven er ein stad ved vestre enden av Mjåvatn noko nord for Hovden. Ei gamal bu her var tilhaldsstad for motstandsfolk under andre verdskrigen. Bua var reserveskjulestad i høve til dekningshytta Jøssingbu ved Auversvatn.
Mellom dei som var innom hytta i Myrekvæven var Finn Erikstad (nestkommanderande i XU på Sørlandet), Finn Høigaard, Birger Fjeldstad (Linge-fenrik, våpeninstruktør), Rolf Ellingsen (avsnittssjef for Setesdalsavsnittet i Milorg), Viggo Axelssen (CHEESE-gruppa sin havnespion i Kristiansand) og Norman Gabrielsen (Linge-sersjant, telegrafist).
Kjelder
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Frihetens flamme – major Laudal og hans menn, utgjeve av Fædrelandsvennen, 1994, side 366–377
- Johan Christian Frøstrup og Bjørn Davidsen, Aust-Agder under okkupasjonen. Glimt fra krigsårene 1940-1945, Friluftsforlaget, 2. utgave, 2018, side 297-301