Martin Luther Svanholm

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Martin Luther Svanholm
Født: 9. november 1857
Død: 31. oktober 1928 (70 år)
Martin Luther Svanholm med kona Signe, tre barn og andre venner

Martin Luther Svanholm (fødd 9. november 1857 i Oslo, død 1928 i Trondheim) var prest i Valle frå 1893 til 1902. Han var son til ein skomakar og studerte først filologi, men gjekk sidan over til teologi og tok embetseksamen i 1884. Sidan heldt han fram som lærar både i Oslo og i Trondheim, der han gifta seg med Signe Guldbrandsen. Etter to år i Trondheim kom han til Haugesund og var lærar ved Haugesund kommunale middelskole i fem år.

I 1893 kom han til Valle. Han lærte seg Vallemål og nytta det frå preikestolen. I hans tid i Valle vart Valle menighetshus bygd. I 1902 flytta han til Drangedal og etter å ha vore prest der, vart han domprost i Nidaros. Martin Luther Svanholm var far til Christian Svanholm, som seinare vart domprost i Stavanger.

I 1895 tok han bilde av Valle misjonskvinneforening.

Kjelde

Eksterne lenker