Liste over prestar i Bygland

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Liste over prestar i Bygland viser sokneprestar som arbeidde i kyrkjene i Bygland kyrkjelege fellesråd (tidlegare Bygland prestegjeld). Det kan vere at Årdal og Austad hadde eigne prestar føre reformasjonen, mogleg hadde Sandnes sokn det og. Etter reformasjonen vart dei fire sokna slegne i hop til eitt, og presten var busett på Bygland.

Fram til reformasjonen

Om ikkje anna er gjeve er årstalet det tidlegaste der presten er nemnd i ei skriftleg kjelde.

  • Gunnar, 25. september 1316[1]
  • Bjørn Olavsson, 1429
  • Torleiv Gunnarsson, 1453
  • Nils Persson, 1508
  • Hans Hansson, 1536

Etter reformasjonen

Årstalet er i regelen det tidlegaste der presten er nemnd i ei skriftleg kjelde.

Fram til 1610

Det er tre noko ulike lister over dei fyrste prestane;

1. skriven i altarboka frå 1689:
  • Erich (prest og domar)
  • Christen Christensen d.e.
  • Christen Christensen d.y.
  • Niels den store og sterke
2. utarbeidd av sokneprest Peder Christophersen i 1724 etter oppdrag frå biskop Christopher Nyrop:
  • Christiern Jacobsen
  • Niels den sterke
  • Erich Olsen
  • Christen Christensen
3. utarbeidd av Reidar Bolling i Kyrkjeliv i Bygland : festskrift til 100 års dagen for Bygland kyrkje 18. november 1938:
  • Niels den sterke, ikkje sikker, ikkje funnen i kjelder i moderne tid.
  • Christiern Jacobsen, 1587
  • Erich Olsen, frådømd kallet i 1605
  • Peder Thøgersen, 1605 – 1607

1610 – 1798

  • Jacob Smed, 1610 – 1641
  • Jens Pedersen, 1641 – 1668
  • Hans Kjeldsen Nors, 1668 – 1693
  • Christen Schanche, 1693 – 1695 (den fyrste norske presten)
  • Peder Christophersen Bjergbye, 1695 – 1732 (frå Evje)
  • Jørgen Henrik Abel, 1732 – 1763
  • Peder Kielgaard, 1763 – 1767
  • Johan Christopher von Koss, 1767 – 1778
  • Christen Ording, 1778 – 1782
  • Ephraim Jæger, 1783 – 1798

1798 – 1899

1899 –

Fotnoter

  1. RN 3, nr. 981
  2. Holst, Olaf (1897), s. 44.

Kjelder