Bjarne Fowels-Landmark

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Bjarne Fowels-Landmark (fødd 13. april 1940 i Borgund) var prest i Bygland frå 1980 til 1995. Han studerte på Universitetet i Oslo og tok teologisk embetseksamen i 1967 og praktikum året etter. Han vart ordinert til feltprestteneste i 1968. Deretter var han sjømannsprest i Rotterdam eit år. I 1970 kom han til Liverpool, der han var til han i 1972 vart sjømannsprest i Durban i Sør-Afrika. Medan han var prest i Bygland, hadde han to periodar oppdrag for FN, først som observatør i Namibia i 1989 og deretter som kaptein i Libanon 1992-93.

Etter at han slutta som prest i Bygland, flytta familien til Hjelmeland i Ryfylke, der kona Karen Elise Fowels-Landmark kom frå. Dei hadde barna Brynjar, Merete, Sunniva og Asgeir.

Kjelder

  • Om Bjarne Fowels-Landmark i Prester i Den norske kirke og andre teologiske kandidater, Verbum 2000 ISBN 8254308608