Kyrkjenausen


Kyrkjenausen er eit mindre fjell i Valle vesthei, som ligg aust for Roskreppfjorden, og mellom Suleskarvegen og Evardalen.
Eit særmerkt fjell.
Kyrkjenausen ligg for seg sjølv midt i eit mindre dalføre sør for Svarteløkfjellet. Høgda er 1080 moh, og toppen er nokså rund med bratte skrentar, og kan på eit vis minna litt om ei kyrkje. På toppen er det sett opp ein varde med ein kvass stein oppå, kan hende meint som å likne på eit spir. Like ved ligg det to tjørner, Kyrkjenostjørnin, og elles er fjellet omkransa av myrar med godt beitegras for sauer.
Korleis koma hit?
Frå DNT Sør sin parkeringsplass ved Suleskarvegen går det ei merka turløype aust for Rosskreppfjorden, og nordover til Svartenut turisthytte. Når ein har fylgt denne 3-4 km, så kjem ein framom Kyrkjenausen.
Kyrkjenauslega.
Like ved dette fjellet har det vore ein støyl fram til 1840-åra, og driftelege til 1905. I 1907 kom ein sørsame hit med sin familie og busette seg på staden fram til 1913. Han heitte Anders Olofsson Renander, og dei levde av reindrift. Tidlegare hadde dei budd i Brotteli, og i Hardanger. Då dei budde her, hadde dei tri lafta buer til husvære. To born vart fødde i desse åra, og eitt døde for dei. Øvst i legevollen ligg det òg ein heller der to kunne få plass til øvenatting. Det skal framleis vera spor å sjå etter busettinga, om ein veit kor ein skal leita.
Kjelder
- Torfinn Normann Hageland: Den store hellerboka for Agder og Rogaland 2008, side 317. ISBN 978-82-91869-15-5
- Reidar Tveito: Dei høgaste fjell og nutar langs båe sider av Otra 3 2011, side 5, 16 og 19. ISBN 978-82-998304-4-7