Kvite symrer
Hopp til navigering
Hopp til søk

Kvite symrer er namnet på diktsamlinga som Olav Mosdøl debuterte med i 1977. Ho kom ut på Lunde forlag og hadde 28 dikt, skrivne over ein lengre periode. Dikta uttrykkjer oppleving av sterke naturimpulsar og nærkontakt med medmenneske.
Opninga innheld ei programerklæring:
I stille stunder
gjeng eg inn
i ukjende salar og rømder.
Søkjer mot
dei skapande kjensler
og krefter.
| Sjeldan her eg hatt ei bok mellom hendene som eg sterkare av hjarta ynskjer at mange ville lese. | ||
| – Bjarne Tveiten i Fædrelandsvennen | ||