Kvikk


Kvikk var eit sykkelmerke frå Evje som den lokale kjøpmannen Thomas Birkeland stod bak. Han importerte halvfabrikata frå utlandet og sveisa dei saman til syklar. Seinare fekk han ein avtale med Maskinhuset i Stavanger og Jonas Øglænd på Sandnes. Då kunne han bruke DBS-rammer og selje dei ferdige syklane under Kvikk-merke.
Sonen Leif T. Birkeland overtok verkstaden etter faren.
Sykkelen som redda liv
Johnny Haugen skreiv dette i Setesdølen nr. 55, 2016 side 8:
På Evje har sykkel-entusiasten Jon Omland (84) ein KVIKK 1938-modell i samlinga si. Omland fortel at KVIKK-sykkelen var eit viktig framkomstmiddel i mellomkrigstida både for dei som arbeidde på Evjemoen og i gruvesamfunnet på Evje. Dessutan kom denne lokale sykkelen til å spele ei heilt spesiell rolle for dei lokale motstandsmennene Leif og Olav T. Birkeland under andre verdskrig. Dei blei begge sendt i fangenskap i konsentrasjonsleiren Sachsenhausen, men overlevde truleg fangenskapet takka vere dei mange timane i farens sykkelforretning:
–Olav fortalde meg at han og broren arbeidde ein del i farens sykkelverkstad i åra før krigen. Då dei begge blei sendt til Sachsenhausen i 1943, fekk dei arbeid innandørs som mekanikarar på syklar og motorsyklar. Erfaringa frå sykkelverkstaden gjorde at dei slapp å arbeide i steinbrotet, og Olav mente sidan at sykkelen redda livet deira, fortel Omland, der han heldt eit fast grep KVIKK-sykkelen, truleg ein av svært få attverande eksemplar.
Kjelder
- Johnny Haugen: Lokale sykkelmerke voks fram for hundre år sidan. Artikkel i Setesdølen nr. 55, 2016 side 8