Knut Torjusson Helle

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut Torjusson Helle
Født: 1696
Død: 1766 (alder 69–70)

Knut Torjusson Helle (fødd ca 1696, død 1766) var tømmermann og bonde på gardsbruket Der sør (bnr. 9) på Helle i Hylestad. Etter tradisjonen skal det vere Knut som bygde det vidgjetne OseloftetOse bnr. 1, truleg i tida rundt 1750. Han skal om lag samstundes ha bygd det andre buret på den eigedomen, som står på plassen den dag i dag. Knut seiast også å ha bygd det drustelege loftet på gardsbruket Haugan på Helle. Etter Gisle Midtun skal han ha vore ikkje bare mellom dei beste tømmermennane i Setesdal, men i heile landet.

Kjelder