Kleveknuten
Hopp til navigering
Hopp til søk
Utsyn mot Moisund og Vorehei frå toppen av Kleveknuten. Til høgre garden Hannås.
Foto: Geir Daasvatn
Kleveknuten (Klevekrullen) er ein liten fjelltopp (292 moh.) rett vest for Rv-9 ved Hannås nord for Moisund i Evje og Hornnes kommune. På toppen er det ei større røys av stein som i si tid må ha vore frakta dit. Steinrøysa kan vere eit nedramla steinalter nytta som offerstad. Truleg er Kleveknuten også nytta som forsvarsborg og kanskje signalstasjon.
Kjelder
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, 1990, s. 49
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, s. 487
Kart