Klemmet Torgersen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Klemmet Torgersen
Klemmet jubileumsfest Otrahallen 2010 – Kopi.jpg
Klemmet 2010.
Født: 8. april 1949
Død: 22. september 2021 (72 år)

Åge Klemmet Torgersen (fødd 8. april 1949, død 22. september 2021) var pensjonert butikkekspeditør på Evje. Han arbeidde i ei årrekke hos Lars Kile AS. Han budde i Tingberget bustadfelt litt nord-aust for Evje sentrum.

Klemmet var ein svært dyktig skihoppar i ungdomen. I 1965 blei han nr. 13 i junior-NM på Hamar. På Sørlandet var han på denne tida den suverent beste hopparen i sin klasse. Klemmet utvikla seg videre, og blei i 1967 nr. 3 i junior-NM. Dette året hoppa han også i Holmenkollen. Han vart krinsmeister i 1968 og 1974. 3. mars 1968 fall han i eit renn i Songebakken, og skada seg stygt. Hoppkarriera fekk ein brå slutt, og han konkurrerte ikkje på ski i fleire år etterpå. I 1974 tok han likevel på seg hoppskia igjen, og vann eit siste krinsmeisterskap. Klemmet representerte Otra IL.

I seinare var Klemmet Torgersen ein av dei ivrigaste dugnadsarbeidarane under oppbygginga av «nye» Trollbakken hoppanlegg.

Klemmet Torgersen etterlet seg sambuar Ingrid Margrethe Dale, døtrene Wenche og Anette, svigersøner, barnebarn og øvrig familie. Gravferda var frå Evje kyrkje fredag 1. oktober 2021 klokka 13. Like kjært som blomar var ei gåve til Otra IL, Trollbakken.

Utmerkelsar

Kjelder

Kjelder