Kjetil Alver Lund

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Kjetil Alver LundSymbol unrelated.svg
Født: 22. juli 1993 (30 år)

Kjetil Alver Lund (fødd 22. juli 1993) er ein musikar frå Valle. Han bur i Kristiansand, der han er postbud. Han gjekk på Setesdal vidaregåande skule avdeling Hornnes og studerte deretter musikk på Universitetet i Agder. Han er også lærar i Valle kulturskule, der han mest jobbar med elevar som spelar i band. Sjølv er han multimusikar og spelar mange instrument, men gitar er hovudinstrument.

Saman med Eirik Sten Syrdalen utgjer han bandet Frukt. Dei kom med EP-plata Myte i 2018. Han er også med i bandet Arkentype, som er eit progressivt metalband med utspring i miljøet på Universitetet i Agder.

Blomlaok

Kjetil Lund er også ein del av duoen Blomlaok saman med Vilde Eskedal. Dei spelte under opninga av Sæbyggjen i Valle i 2018. Kunstverket dei laga, Blomlauk nr. 14, heng no i Sæbyggjen. Det var ein del av masteroppgåva dei tok saman.

Kjelder