Kjerringodden

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Vaskedag på Kjerringodden i 1952
Foto: Foto frå Jorunn Greibesland
Bygland kommune rydda opp området i 2010. Senumsund bru og vegfyllinga dekker over odden
Litt av Kjerringodden tett inntil brua. Renseanlegget til høgre. Her har det vore busetnad i steinalderen
Foto: Reidar Tveito
Solringen på Kjerringodden
Foto: Reidar Tveito

Kjerringodden var namnet på ein odde som stakk ut i Senumsundet. Det er lite att av denne odden, som sidan 1965 vart liggande under fylkesveg 305, Senumsveien, og under Senumsund bru.

Vaskeplassen

Dette var eit anna namn på denne odden. Både Kjerringodden og Vaskeplassen fortel litt om korleis fordelinga av gjeremåla i heimane var i tidlegare tider. Når veret var lageleg i sommarhalvåret, då samla konene på Byglandsfjord seg nede på denne odden for å vaska klede. Over ei lita skorte ytst på berget kunne dei fyra opp under ei stor jarngryte for å varma vaskevatn. Det låg ei mengd spiker nedanfor gryta etter brennevyrket. Konene hadde med seg eigne trestampar til klesvasken, og etterpå vart kleda hengt til turk på snorer mellom trea der bygget til Byglandsfjord renseanlegg nå ligg. Medan kjerringane vaska klede og røa om så mangt, så leika ungane på den vesle stranda like ovanfor odden. Denne vart i 2012 dekka til med eroderingsstein.

Uhell med klesturken

Senum dreiv Jens Senum med avl av gris som han etterkvart sende av stad med jarnbanen til kjøparar rundt om. Men ein gong hadde han ikkje nok tid til å få dei i fraktekasser før godstoget skulle gå, har Torbjørn Frøysnes fortalt, så han dreiv like godt grisungane lause ned til ferja for å få dei over til stasjonen. Men midtveges i Senumsundet hoppa dei like godt på vatnet og rak deretter i land på Kjerringodden. Laken og andre reine klede fekk så sine tydelege spor etter dei mange griseføtene, noko konene ikkje lika særleg godt.

Godstoget nytta alltid damplokomotiv, og sporet gjekk like ved der klesvasken hang til turk. Difor hende nokre gonger at kleda vart sotute om vindretninga var ugrei, så konene laut passa både togtider og vindretning når kleda skulle turkast.

Arkeologisk minne

På denne staden er det synlege merke frå gamal tid. Ein kan sjå ein såkalla solring på den vesle biten av odden som ennå er synleg, og området er merka av som eit busetnad- og aktivitetsområde frå steinalderen. Arkeologane har funne spor etter busetnad like ved odden og litt nedanfor.

Kart

Laster kart...

Kjelder

Eksterne kjelder

Sjå også