Kenneth Leighton

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Kenneth Leighton
Født: 2. oktober 1929
Død: 24. august 1988 (58 år)

Kenneth Leighton (1929-1988) var ein engelsk komponist og pianist. Han starta som korgutt i Wakefield Cathedral, vart så elev på Royal Academy of Music og sidan av Bernhard Rose og E. Rubbra på Oxford University. I starten var han inspirert av Edward Elgar, men etter studiar i Rom hos Goffredo Petrassi, dit han kom etter å ha vunne Mendelssohnstipendet, utvikla han seg i meir seriell retning.

Han begynte på Queens College, Oxford i 1947 og tok eksamen i både musikk og klassiske fag i 1951. I 1952, etter studieturen til Roma, begynte han som lærar på Royal Naval School of Music. Året etter kom han til University of Leeds. Frå 1955 til 1968 underviste han ved Universitetet i Edinburgh, deretter var han to år i Oxford før han kom tilbake til Edinburgh, der han vart verande til han døydde.

Verk

  • 3 symfonier
    • 1 symfoni for strykere
    • 2 symfoniar for vokalsolist
  • 3 klaverkonserter
  • Orgelkonsert, opus 58, (orgel, strykere og timpani) 1970
  • Cellokonsert
  • The Birds (koralsuite for orkester)
  • Columba (for orkester)

Orgelverk

  • Prelude, Scherzo and Passacaglia, opus 41 frå 1961/62
  • Elegi, 1965
  • Fanfare, 1966
  • Et Ressurexit, opus 49, 1966
  • Paean, 1967
  • Festival Fanfare, 1968
  • Improvisation in memoriam Maurice de Sausmarez 1969
  • Chorale Prelude on Rockingham (Når krossen underfull eg ser) 1975
  • Six Fantasies on Hymn Tunes, opus 72 1975
  • Martyrs (Dalogues on a Scottish Psalm-tune (duett) opus 73 1976
  • Ode 1977
  • Missa de Gloria, Opus 82, 1980
  • Veni Redemptor Opus 93, 1985
  • Veni Creator Spiritus 1987

Eksterne lenker