Kai Thorsen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Kai Thorsen
Kai Thorsen Trollbakken hoppanlegg Evje 280314 (1).JPG
På dugnad i Trollbakken hoppanlegg.
Født: 22. mars 1940
Død: 10. mars 2020 (79 år)

Kai Thorsen (fødd 22. mars 1940 i Flatebygd, død 10. mars 2020) vaks opp på Vikstøl og frå han var 13 år på Kleveland. Der budde han det meste av tida, men dei seinare åra har han budd i Bakkemoen på Evje. Han gifta seg med Solveig Thorsen då han var 21 år.

Variert yrkesliv som entreprenør

Alt som 15-åring tok han til med skogsarbeid, og straks han fekk sertifikat, fekk han seg jobb som sjåfør i Setesdal Bilruter. Den første tida køyrde han mjølkerute med ein gamal buss der seta var tekne ut. Sidan fekk han seg jobb på kraftanlegga i Setesdal på 1960-talet og budde på brakke på Uppstad i Hylestad. Han arbeidde og innan kraftutbygging utgangspunkt i Bykle og i Bjelland. Ein periode før han starta for seg sjølv, jobba Kai Thorsen hos entreprenøren Trygve Eieland i Iveland. Så starta han saman med Gunnar Berg frå Risdal eiga bedrift, men etter eit par år overtok han sjølv alt saman og dreiv med utbygging av vatn og kloakk over heile indre Agder, både i Evje og Hornnes kommune med bustadfelt og i Bygland kommune, der han blant anna bygde skogsbilvegar. Som entreprenør fekk han og jobbar lenger borte frå dalen, mellom anna bustadfeltet Bergshaven i Lillesand og vegar for Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap i Tysse i Samnanger. Som ei fylgje av finanskrisa på 1980-talet la han ned entreprenørfirmaet og var dei siste åra sjåfør for andre entreprenørar før han som pensjonist står på lista over tilkallingsvikarar for Setesdal Bilruter.

Siste tida

Den siste tida budde Kai Thorsen på Evjeheimen. Han vart enkemann i 2019 og etterlet seg barna Egil Thorsen, Svein Tore Torsen og Helge Severin Thorsen, svigerbarn, barnebarn, oldebarn og øvrig familie. Begravelsen var fra Evje kirke tirsdag 17. mars 2020. Like kjært som blomster var en gave til kreftsaken. Den kunne gis i kirken.

Kjelder