Jakob Haugaa (1919)
Hopp til navigering
Hopp til søk
| Jakob Haugaa | ||
|---|---|---|
| ||
| Jakob Haugaa fotografert under åpninga av Byglandsfjord Sag i 1986. Foto: Reidar Tveito
| ||
| Født: | 12. august 1919 | |
| Død: | 12. desember 2010 (91 år) | |
Jakob Haugaa (fødd 12. august 1919, død 12. desember 2010) var disponent i Agder Skogeigarlag i over 30 år. Han vaks opp på Byglandsfjord, men kom i 1943 som rekneskapsmann til dåverande Agder Skogeigarkontor som heldt til i Bøndenes Hus i Kristiansand. I 1954 vart han disponent i laget som då hadde bytta namn, og denne jobben hadde han til han gjekk av i 1987. Då overtok Knut Stalleland som disponent.
Jakob Haugaa var viktig i samband med arbeidet for nytt sagbruk på Byglandsfjord.
Heider
- Norges Skogeierforbunds heidersteikn i gull 1987
Kjelder
Sigurd Haugsgjerd: Jakob Haugaa 90 år. Artikkel i Setesdølen nr. 63, 2009 side 16
