Jørgen Å. Kjetså
Hopp til navigering
Hopp til søk
| Jørgen Å. Kjetså | ||
|---|---|---|
| Jøren i Skaret. Foto: Utlånt av Alf Georg Kjetså
| ||
| Født: | 8. juni 1894 | |
| Død: | 23. mars 1971 (76 år) | |
Jørgen Åsmundson Kjetså (fødd 1894, død 23. mars 1971) («Jøren i Skaret») var ein heimvendt norsk-amerikanar som budde i Skaret på Kjetså i Hornnes. Han var son til Åsmund Knutson Kjetså (f. 1849, d. 1927) og Anna Jørgensdotter Kjetså (fødd Bjorå).
Jøren var først i USA frå 1913. Han blei verande der i fleire år, men reiste så heim igjen til Norge. I 1927 reiste han på nytt vestover, no til Canada. I 1930 kom han tilbake for andre gong, og blei sidan buande i Skaret.
Jøren hadde mykje å fortelje frå tida si i Amerika. «Ein del av det han fortalde var så utruleg at det var mange som drog på smilebandet og trudde lite på det. Men det var festleg å høyre Jøren fortelje», skriv Alf Georg Kjetså i ein artikkel om Skaret i Arnstein 2016.
Kjelder
- Alf Georg Kjetså, Skaret på Kjetså g.nr. 17 b.nr. 7, artikkel i Arnstein 2016, side 7-10
- Nils Dåsvatn, Barndomsminne frå Hornnesbygda, utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, 2016, side 10
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, side 420