Iveland folkebibliotek

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Åkle Iveland næringsbygg 011215.JPG
1. etasje i Åkle med Iveland folkebibliotek til høgre.

Iveland folkebibliotek held til i næringsbygget ÅkleBirketveit.

Det er tilgang til biblioteket om lag 63 timar i veka (parallelt med opningstida til butikken) ved hjelp av biblioteket sitt sjølvbetjeningssystem (krev nasjonalt lånekort). Biblioteket tilbyr mellom anna utlån av bøker, lydbøker, dvd, spel, tidsskrift etc - gratis. Det er eigen publikums-pc og gratis trådlaust nettverk. På biblioteket er det også tilgang til Atekst, det største avisarkivet i Noreg med rundt 300 millionar artiklar. PressReader (5300 aviser og tidsskrift frå heile verda på 70 ulike språk), samt Idunn og Ordnett har biblioteket også tilgang til.

Biblioteket er meint å vere ein møteplass for kommunen sine innbyggjarar. Lokalet kan i løpet av 20 minutt gjerast om til eit kulturareal med lerret, prosjektor for lyd og bilde med plass til om lag 55 personar.

Biblioteket er betjent:

  • Tirsdag kl. 12.00-18.00
  • Torsdag kl. 15.00-18.00

Sommar, jul, påske, vinter og i høstferien kan beteninga vere noko meir «ustabil».

Kjelder