I mi tid

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Bokomslaget.

I mi tid, med undertittelen «So levde me på ein gard i Setesdal i fyrste halvdelen av 1900-talet», er ei lita erindringsbok skrive av Torjus J. Nomeland. Boka er utgjeve på Setesdalsforlaget, Valle 2002. 74 sider. ISBN 82-91820-90-2.

« - Korleis arta oppvekst og arbeidsliv seg i Setesdal for ein som var fødd før første verdskrigen, i 1913? Om dette, og om den utviklinga og det omskiftet som har gått føre seg i «balladenes dal», skriv Torjus J. Nomeland i denne boka. I mi tid er først og fremst eit tidsbilete, men gjev samstundes glimt frå livssoga til forfattaren av dei to romanane Miskunnætti og Svennebrevet (Norges Boklag) og diktsamlinga Hopehav (Setesdalsforlaget).» Slik er boka omtala på baksida av bokomslaget.

Torjus Nomeland vaks opp på Brokke i Hylestad. Men då han var 18 år gamal, flytta familien ned til slektsgarden på Nomeland. Torjus var bonde til han var 50 år, då han tok til å sysle med skriveverksemd. Han var med i lokalpolitikken, og var den siste ordføraren i Hylestad før samanslåinga med Valle frå 1. januar 1962. Han var også den første ordføraren i den samanslegne kommunen. Han måtte gje seg som ordførar i 1963 grunna sjukdom.

Kjelder

  • Boka