Hovden rulleskiløype
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Nomeland Anlegg
Hovden rulleskiløype stod ferdig 20. oktober 2015. Den asfalterte løypa er om lag 3 km lang og breidden varierer frå fire til seks-sju meter. Langs løypa er det lagt ned røyr for vatn og luft, og 60 snøkanonar vil syte for snø i den kalde årstida. Om lag 90 lysmaster gjev lys i løypa, som ligg i Røyrvikåsen på Hovden. Nomeland Anlegg bygde løypa, som kosta 15 millionar kroner.
Kjelde
- Ole Birger Lien: Her kjem rulleskiløype til 15 mill. kr. Artikkel i Setesdølen nr. 60, 2015 side 5