Hovden Høyfjellshotell

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Hovden Høyfjellshotell var eit tradisjonsrikt hotell på Hovden, øvst oppe i Setesdal, i Bykle kommune. Hotellet hadde 69 rom. Av desse var 13 familierom. Det var også eigen restaurant og bar, innandørs svømmebasseng med sauna, leikerom for born og ungdomsrom med gamecube, playstation og fotballspill og solvendt uteterasse. Det er tilrettelagt for kurs og konferansar, og kunnen ta opptil 130 personar fordelt på tre møterom. Heile hotellet hadde trådlaust internett. I kort avstand frå hotellet er det turstiar om sommeren og langrennsløyper om vinteren. Hotellet har eige skitrekk som kan brukast gratis av gjestene ved hotellet.

Hovden Høyfjellshotell vart drive saman med Hovdestøylen Hotel & Lodge av Hovden Resort fram til 2016, då det avslutta drifta før ombygging til leiligheter.

Historie

Henta frå Heimar og folk i Bykle sin artikkel om hotellet

I 1963 tok Carl Ragnar Carlson frå Kristiansand initiativet til gjenoppbyggjing og ny drift av hotellet på den gamle tomta. Han presenterte forprosjektet om hausten det nemnde året. Det neste var å starte finansieringsprosessen. Carlson fekk med seg ei gruppe investorar frå heimbyen, og dessutan teikna både Bykle kommune og Aust-Agder fylkeskommune seg for store aksjepostar i det nye hotellselskapet. (Ein av investorane var Torbjørn Evenbye på Ernst Hotel i Kristiansand).

Dinest fylgde engasjering av arkitekt Arne Baklund, og etter kvart byggjing. Visstnok var det likevel Carlson som hadde hovuideen til den arktitektoniske utformimga, som bygde på eit bilete av ein sekskanta snøkrystall. Men arkitekten var både i stand og viljug til å la seg inspirere på det same grunnlaget, dette skal då vera bakgrunnen for at hotellet fekk den forma det fekk.

I 1966 tilsette styret Herbert Bachmann frå Tyskland som hotelldirektør, slik at han kunne koma til Hovden og planleggje drifta medan han fylgde med i sluttføringa av byggjearbeidet. Året etter kunne så det nye hotellet opnast og setjast i drift. Oppstarten var økonomisk vanskeleg, og lønsemda i Bachmanns direktørperiode vart alt anna enn glimrande. Men han sto i stillinga i over 3 år, og lika seg så godt på Hovden at han han planla og bygde si eiga turistverksemd, serveringsstaden Triangel Sportell, som sto klar då han slutta ved hotellet i 1970.

Dei som overtok etter Bachmann var Tuls og Carl Otto Schiørn. Dei leidde hotellet til 1977, og i deira tid vart drifta god forretning. Så bra gjekk det at direktørparet fann det interessant å prøve å kaupe ut dei andre eigarane. Men dette kom i konflikt med statlege eigarskapsreguleringar, og dermed laut overtakingsplanane skrinleggjast. Ekteparet Schiørn sette då i staden i gang med å byggje opp si eiga bedrift, Hovdestøylen hotell, i den andre enden av bygda.

Etter Schiørn var det ein direktør Hvidsteen innom i to år utan å setje mykje spor etter seg.

Leiing

Første direktøren var Herbert Bachmann, som var direktør frå opninga i 1967 til 1970. Deretter kom Tuls og Carl Otto Schiørn, som dreiv hotellet til 1977. Hvidsteen var direktør frå 1977 til 1979, då overtok Ole P. Bruun og var direktør frå 1979 til 2005. Etter han overtok Elin Zernichow Monsen og sidan Frank Ekman.

Kjelder

Eksterne lenker