Hovden Badeland

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Hovden Badeland er eit badeanlegg på Hovden i Bykle. Det har basseng både inne og ute, til saman er anlegget på 3000 kvadratmeter fordelt på to etasjar. Hovden Badeland er eit heilårsanlegg, og i vatnet er det 30 grader. I 2011 hadde anlegget 49.500 gjester, noko som var ein nedgang på 1600 frå 2010. Omsetninga i 2011 var på 7,2 millionar, noko som var ein halv million mindre enn i 2010. Men på grunn av mindre straumutgifter etter at dei installerte flisfyringsanlegg, som stod ferdig i desember 2010, kom ein likevel ut på pluss-sida i rekneskapen.

Hovden Badeland, som vart etablert i 1990, er eigd av Hovden Prosjektutvikling, som igjen er eigd av Bykle kommune. Dagleg leiar er Torvald Gautland.

Prisar

  • Barn helg/ ferie 120
  • Barn mandag-fredag 110
  • Vaksne helg/ ferie 150
  • Vaksne mandag-fredag 135
  • Honnør, handicap helg/ferie 85
  • Honnør,handicap mandag-fredag 80

Kjelde

Eksterne lenker