Holenplasset
Hopp til navigering
Hopp til søk
Holenplasset er ein tidlegare husmannsplass under gardsbruket Myri på Holen i Nordbygdi i Bykle og seinare ein eigen eigedom (Bykle gnr. 12 bnr. 7). Han låg ca. 100 m aust for tunet i Myri og snautt 100 m sør for tunet i Der uppe. Innmarka var 2–3 mål. I tillegg var det noko utmark og nokre åkrar i lia opp mot Holskollen.
Olav Olavsson Nesland og huslyden hans er dei første ein veit budde her. Det var truleg frå rundt 1836/1837 og 10–12 år framover. Dei siste skal ha vore Knut Gunnarson Nesland (f. 1840, d. 1916), kona Ingjerd og sonen Gunnar. Familien reiste til Amerika i 1893.
I 1945 blei plassen skilt ut som eige bruk (gnr. 12 bnr. 7).
Kjelder
- Aanund Olsnes, Heimar og folk i Bykle, utgjeve av Bykle kommune, 2006, side 318–320
- Olav M. Holen, Nordbygdi - slik ho var, 2. utgåve, 2013, side 43