Hestehoven Rideklubb
Hopp til navigering
Hopp til søk
Hestehoven Rideklubb vart starta i 1986 som Fjellgardane Rideklubb. I 2009 hadde talet på medlemmar i klubben kome opp i 160 medlemmar. Klubben har som formål å drive med ein sunn hesteaktivitet for vaksne og barn i alle aldrar. Ein vil ha eit godt miljø, fokus på sikkerheit, formidle kunnskap og utdanne ryttarar. Klubben har drifta aktiviteteten ved Lien fritidsgard i Bykle. På det meste hadde klubben 11 hestar.
I 2011 måtte klubben redusere drifta. Etter at det synte seg at planar om ein ridehall til 17,5 millionar ikkje kunne realiserast, vart talet på hestar redusert til to hestar og eit langt mindre opplegg.
Kjelde
- Johs. Bjørkeli: Populært fritidstilbud legges ned. Artikkel i Fædrelandsvennen mandag 29. august 2011 side 17