Helmik Haugland

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Helmik Haugland
Født: 11. mai 1877
Død: 29. september 1964 (87 år)

Karl Helmik Bertinius Haugland (fødd 11. mai 1879, død 29. september 1964) var fødd på Haugland i Time, men men flytta til Ålgård og starta som skomakar der. I 1906 reiste han til Amerika og arbeidde som sauegjetar og tømmerhoggar, men i 1912 kom han tilbake til Norge. Her forpakta han fleire gardar, både på Lura og Frøyland, men han kom så tilbake til Ålgård og fekk fast arbeid på DFU og vart der til pensjonsalder.

Helmik Haugland var fast å sjå i Ålgård kyrkje og på Bethel bedehus når det var gudstenester og møte. I tillegg låg søndagsskolen og besøkteneste til sjuke han sterkt på hjarta.

Han vart i 1901 gift med Jørgine Haugland, fødd Søyland. Dei fekk ikkje barn, men adopterte nevøen Henrik Haugland. Gravferda var frå Ålgård kyrkje laurdag 5. oktober 1964 klokka 14.

Kjelder