Helgeholmen
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn
Helgeholmen er ein bitteliten holme i Breiflå i Otra i Hornnes. Han er godt synleg når ein kjem køyrande langsmed Rv-9 over steinfyllinga som skiller Breiflå frå Voilan. Dette utsynet utover Breiflå, med Helgeholmen og Bjorå-gardane i bakgrunnen, er eit mykje populært fotomotiv. Det er, eller har vore, eit fiskeørnreir på øya. For eindel årtider sidan var det også ofte St. Hansfeiring på holmen.