Heia
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn
Heia (Rossåsheia) var husmannsplass under garden Nateland i Iveland frå slutten av 1830-åra til 1874. Då blei plassen skild ut og blei sjølveigarbruk (gnr. 35 bnr. 4). Eigedomen har eit areal på om lag 600 dekar.
Gunder Kittelsen (f. 1807, d. 1870) var første husmannen her. Han var gift med Kjersti T. Nateland (f. 1802, d. 1878). Sonen Torkell Gundersen Heia (f. 1842, d. 1912) overtok Heia etter faren. Han budde i Heia med familien frå ca. 1872, og sat her i over 30 år.
Anders Føreland er heimelshavar til eigedomen (2024).
Våningshuset på staden er sagt å vere bygd i 1841.
Kjelder
- Norges Bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, Oslo 1956, side 606
- Aslak Fjermedal, Iveland I - Gards- og ættesoge, 1955, side 578–580
- Elektronisk grunnbok hos Statens Kartverk