Hegland

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Våningshuset på bruket Hegland øvre. Dette var barndomsheimen til meisterspelemannen Olav Heggland.

Hegland (Heggland) er ei grend og to gardar (gnr. 4 og 5) på vestsida av Otra, nord i Bygland kommune. I sør går grensa mot Vest-Agder og Ljosland i Åseral kommune frå vest mot aust til garden Tveit støyter til. I nord ligg Langeid. I vest følger grensa Kvinavassdraget mot Sirdal og Vest-Agder. Gardane Tveit, Ånebjør, Frøysnes, Ose og Moi utgjer nedre søndre og austre hjørnet i ein stor firkant der Hegland er hovuddelen. Det får gardkjennarane til å undrast over om ikkje både Ånebjør, Moi og Tveit kan ha gått ut frå Hegland i si tid.[1]

Busetnaden er samla i området ved Riksveg 9 og Otra, mellom Langeid i nord og Tveit i sør. I storleik er Hegland største garden i Bygland. Men han er delt i to matrikkelgardar, Øvre Hegland og Nedre Hegland. Kva tid delinga skjedde veit ein ikkje sikkert, men det må ha vore før Svartedauden.[2]

Historie

Når Hegland vart rydda er usikkert. Det er ikkje gjort arkeologiske funn på garden som kan stadfeste alderen. Men på andre sida av Otra, ikkje så langt unna, ligg Birkeland. Mange -landgardar blei rydda i folkevandringstida, i tidsromet 400-600 e.Kr. På Birkeland er det gjort funn som kan underbygge at den garden er frå folkevandringstida. Hegland kan også vere rydda i denne tida.[3]

Kjelder

Referansar

  1. Reidar Vollen, Bygland Gard og Ætt, bind I, utgjeve av Bygland kommune, 2002, side 275
  2. Bygland Gard og Ætt, I, side 275
  3. Bygland Gard og Ætt, I, side 277

Kart

Laster kart...