Hartevatn renseanlegg
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn
Hartevatn renseanlegg er eit renseanlegg for avløpsvatn ved sørenden av Hartevatnet i Bykle. Anlegget kosta 155 millionar kroner å bygge, og vart opna i mars 2011. Det erstatta Hovden renseanlegg og fleire mindre private anlegg. Bakgrunnen for bygging av nytt renseanlegg var kommunalt vedtak om å legge til rette for utbygging av fritidsbustader i Hovden Sør/Midtregionen. Det er lagt vatn- og avløpsledningar frå Hoslemo til anlegget. Frå det no nedlagte Hovden renseanlegg er det lagt pumpeledningar og avløpsledningar for drikkevatn og avløpsvatn frå Hovden sentrum gjennom Hartevatnet til det nye anlegget.
Kjelder
- Søknad frå Bykle kommune v/Sweco til Fylkesmannen om løyve til luktutslipp frå slambehandlingsanlegg ved Hartevatn renseanlegg
- Dyraste prosjekt i Bykle si historie, artikkel i Setesdølen nr. 23, 2011, side 1
- Reidar Tveito, Riksveg 9 - Bruer og særtrekk langs vegen, utgjeve på eige forlag, 2014, side 222-223