Hans Olav Omnes

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Olav OmnesSymbol unrelated.svg
Hans Olav Omnes.jpg
Født: 20. juli 1976 (47 år)

Hans Olav Omnes (fødd 20. juli 1976) var dagleg leiar hos Nomeland Anlegg frå mai 2015 til januar 2017. Då gjekk han over til stilling som assisterande prosjektleiar i AF-Gruppen, for å arbeide med E-18-pakka Arendal-Tvedestrand.

Hans Olav er oppvaksen i Grendi og er sivilingeniør frå NTNU. Han arbeidde i mange år hos AF-Gruppen, men slutta der i 2014 for å bli næringskoordinator i Setesdal Regionråd. Etter ein kort periode i regionrådet vart han områdesjef for Skanska, men i 2015 takka han ja til stilling hos Nomeland Anlegg.

Hans Olav Omnes bur i Brokke. Han stod på 1. plass på Venstre-lista i Valle 2015. Han blei vald inn i kommunestyret, og er med i Valle kommunestyre 2015-2019.

Kjelder